Varsling24

Varsling24

Politikarportal
Translate

RSS

Sentralbordet ope: 09.00-14.30
Ekspedisjonen open: 09.00-14.30
Tlf:53 67 15 00
Fax:53 67 15 01
Vakttelefon: 476 22 777
postmottak@ullensvang.herad.no
Post: 5780 KINSARVIK

Nytt om


Finn det du leitar etter...


e-faktura-avtale-giro

 - Betalingsalternativ

 

Møt bygdebokforfattarane

bok1bok2Dei to siste bygdebøkene for Ullensvang, Noregs frukthage – ålmennsoge og Frå fjell til fjøre – stadnamn, er no i sal, og laurdag 3. desember kjem forfattarane Marta Gjernes og Erlend Trones til jolemarknaden på Lofthus for å signera bøker.

Vil du sikra deg jolegåver som familie og vener verkeleg kjem til å setja pris på, så nytt høvet no.
Møt opp på jolemarknaden på Lofthus
laurdag 3. desember frå kl 10.00.

Bøkene er elles å få kjøpt på heradshuset, biblioteka, Bunnpris Lofthus, Spar Nå, Nærbutikken Grimo og Joker Utne.

Pris: 499,- for eitt band, 899,- for to band og 1599,- for fire band.

 

Budsjett 2017 og økonomiplan 2017-20

Heradsmerke-RC2-litenOffentleg ettersyn/ høyring og endring av betalingssatsar

Formannskapet har i møte 14. og 15. november lagt fram tilråding om årsbudsjett for 2017 og økonomiplan for 2017-2020. Saka vert handsama i Ullensvang heradstyre 19. desember.

I samsvar med § 44 og § 45 i kommunelova vert saksdokumenta og formannskapet si tilråding lagt ut til offentleg ettersyn/ høyring på heradshuset i Kinsarvik, Biblioteket på Utne og på heimesida til Ullensvang herad.

Last ned framlegget her (PDF)

 

Vassmålingavlesing på SMS/internett

vassmålarI desember 2016 vil Ullensvang herad sende varsel om avlesing av vassmålar til rekningsmottakar/avlesar ved hjelp av SMS. Svar på SMS med vassmålarstand på vassmålaren. Avlesingskort vert sendt på vanleg måte til dei som systemet ikkje får treff på mobilnummer.

Dei som får avlesingskort i papirform kan registrera avlesinga på www.leseav.no eller returnere svarslipp til heradet. På leseav.no kan du legge inn mobilnummer som du ynskjer at heradet skal bruka til å varsle på sms ved neste avlesing. Periode for å rapportere inn vassmålarstand: 19. desember til 10. januar.

For meir informasjon: Info om vassmålar (PDF)

Sist oppdatert (måndag 28. november 2016 11:54)

 

Er du klar for det digitale radioskiftet?

Digitalradio epostbanner 2Radioskiftet nærmar seg med stormskritt. Veit du kven av radiokanalar som blir heildigitale og når radioskiftet skjer der du bur?

Frå FM til digital radio
11. januar 2017 startar avviklinga av FM-nettet for riksdekkjande radiosendingar i Nordland. Utover året følgjer resten av landet, og før utløpet av 2017 vil all riksdekkjande radio i Noreg vere heildigital. I Hordaland blir FM-nettet avvikla for NRK 21. juni. P4, Radio Norge og lokalradioar som ikkje fortset på FM, blir avvikla 15. september.

Les meir…

 

Kommunal Planstrategi

Heradsmerke-RC2-litenKommunal Planstrategi 2016-2019 - 19.09.2016 Endeleg vedtatt.

Last ned dokumenet her (PDF).

 

Bygdebøker for Ullensvang

Heradsmerke-RC2-litenBygdebøker for Ullensvang
-boklansering

 

Laurdag12. november kl.11.30 vert det presentasjon av dei to siste bydebøkene på Hardanger folkemusem på Utne.

 

 

 

Sist oppdatert (torsdag 10. november 2016 16:28)

Les meir…

 

Oppdaterte rutetider for ferje og skyssbåt.

deildoRutetidene til skyssbåten er nå oppdatert med flere turer. Denne vil gjelde fra og med i ettermiddag.

Last ned dei nye rutene for Kinsarvik - Utne og skyssbåt her (PDF)

Last ned midlertidig rute for Utne - Kvanndal her (PDF)

Sist oppdatert (onsdag 09. november 2016 09:33)

 

Rv.13 ved Deildo vert stengd til medio desember

OstenOppdatering 08.11:

Rutetidene til skyssbåten er nå oppdatert med flere turer. Denne vil gjelde fra og med i ettermiddag.

-For statens vegvesen er tryggleiken til trafikantane og arbeidsfolka på anlegget det aller viktigaste. Difor kan ikkje rv.13 forbi Deildo opnast 5. november.
Det seier Terje Dagestad, som er prosjektleiar for rassikringsarbeida på Rv.13 i Deildo. Medan vegen er stengt vil løysinga med båt for buss mellom Lofthus og Børve halde fram. Det same gjeld ekstra ferjeavgangar mellom Utne og Kinsarvik.
Oppgåva med å sikre fjellsida er særs omfattande og tek lang tid. Dagestad trur ikkje vegen kan opnast før i midten av desember.
-Før ein kan opna for trafikk må det utførast omfattande midlertidig sikring av dei ustabile massane, eit arbeid som vil ta fleire veker, opplyser Dagestad. I lag med geolog og entreprenør har ein difor kome fram til at det er tryggare å sprenge ned endå meir før vegen kan opnast, seier prosjektleiaren.
Vegen vart stengd for trafikk måndag 17. oktober. Same morgon sprengte ein ned ei større salve. Etter at massane frå sprengingsarbeidet var fjerna og sikringsarbeidet starta, vart det oppdaga at omfanget av usikre fjellparti og lause steinblokker i skjæringa ned mot riksvegen var langt større enn forventa. Geologar forklarar fjellet i Deildo som eit område med stableblokkar, ikkje fast fjell. Store blokker ligg lag på lag oppover. Området der ein no sprengjer har også store holrom mellom steinblokkene.
-Med bakgrunn i dei erfaringane me no har gjort oss, vert det jobba vidare for å koma fram til gode og trygge løysingar for gjennomføring av dei resterande arbeida. Me tek sikte på å ha dette klart tidlig på nyåret, opplyser Dagestad.
Dagens båtskyss mellom Børve og Lofthus vert vidareført. Det er også kome eit par tilleggsavgangar på laurdagar. Opplysning om endra rutetider finn ein på http://www.vegvesen.no/Riksveg/rv13deildo og Ullensvang herad sine heimesider.
Meir informasjon hjå prosjektleiar Terje Dagestad, 46836315, eller byggjeleiar Terje Nesse, 90470780.

 

Sist oppdatert (tysdag 08. november 2016 14:06)

 

Deildo – vegstenginga held fram.

OstenStatens vegvesen melder i dag ifrå om at vegen ikkje blir opna i Deildo på laurdag slik planlagt.
I staden vil det verta ein lengre stengeperiode som dei arbeidar med å kartleggja lengda på i dag.
Grunnen er tilhøve med fjellet som vart oppdaga etter siste sprengning. Geolog har vore inne og vurdert desse, og konludert med at ein må ta ned meir av fjellet før det er trygt å opna for trafikk.

Statens vegvesen sender ut ei pressemelding når dei har all informasjonen klar.

Sist oppdatert (tysdag 01. november 2016 16:31)

 

Besøksheim- vil du opna heimen din?

Heradsmerke-RC2-litenUllensvang herad har busett 8 einslege mindreårige flyktningar alderen 16 – 18 år på Hardanger folkehøgskule . Me ynskjer å kome i kontakt med deg som er interessert i ungdom og integreringsarbeide.
 Kan du opna heimen din som besøksheim, vera fritidskontakt eller ein god ven og omsorgsperson?
Ta kontakt med rektor Trond  Instebø tlf 920 38 505 eller helse-og omsorgssjef Torbjørn Reisæter tlf 91 86 72 74 for nærare opplysningar.

 

Heradsstyret 31.10.16 - Rådmannen la fram budsjettet for 2017

Heradsmerke-RC2-liten 

 Les budsjettframlegget her

Sist oppdatert (tysdag 01. november 2016 10:36)

 
Fleire artiklar…